Vaksinasjonsplan og -status:

Antal doser satt totalt
|
2 955
|
Tal personar med minst 1 dose
|
1 759
|
Tal fullvaksinerte
|
1 196
|
Plan for vaksinasjon denne veke
|
Ingen vaksinasjon
|
Prioritet på vaksine denne veke (gruppe)
|
Ingen vaksinasjon
|
Plan for vaksinasjon veke 30
|
Ca. 700 doser. Vi kaller nå inn personer i trinn 9 (45-55år) og gruppe 10 (18-24 år og 40-44 år)
|
Antall vaksinedoser vi får veit vi ikkje før ei veke før. Døkk som får tilbod om vaksine vil få ein sms med timeavtale til vaksinering. Hugs å ringe helsesenteret (tlf. 61293700) om timen slett ikkje passer. Alle må tilstrebe så langt som råd å ta imot tidspunkt til vaksineringa dei har fått. Dersom du er sjuk hugs å gje oss beskjed om dette. Ferie er ikkje god nok grunn til å utsette vaksineringa. Da vil du kome lenger bak i køen. Dette er veldig viktig for at vi skal få brukt alle vaksinene etter oppsatt plan.
Det er 12 ukers intervall mellom 1. og 2. dose. For personar i risikogruppa er intervallet mellom 1. og 2. dose 6 veker.
Er du ungdom og skal studere i utlandet treng du kanskje å bli fullvaksinert før studiet starter. Nokre land krev dette. Ta kontakt med helsesenteret.
Koronavaksinasjonen vil foregå i Vågåhallen, onsdager.
I forkant av vaksinasjonen skal du fylle ut eit eigenerklæringsskjema. På Vågå kommune si heimeside ligg det ein link til dette skjemaet. Fint om du har dette med deg ferdig utfyllt.
Treng du bistand til å fylle ut skjema eller treng du skyss til vaksinasjonsstedet så meld frå om dette.
Navn på vaksinen: Pfizer/Comirnaty.
Er du født i 1981 eller tidlegare eller i tidsrommet 2003-1997 og ikkje har motteke innkalling eller tilbod om vaksinering så gje oss beskjed. Da vil du bli prioritert for vaksine.
Sjå link ang. Prioriteringsrekkefølga frå fhi.no:
https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/
Hugs at alle vil bli kontakta for vaksinering når det er din tur. Du treng ikkje ringe for å høre når du får vaksine, vi ringer deg eller sender deg sms. Så er du i gruppa 9 (45-54 år) eller gruppe 10 ( 18-24 år og 40-44 år) følg med på telefonen din.
Info ang. koronasertifikat:
Koronasertifikatet skal bidra til ei gjenopning av samfunnet. Løsning for sertifikatet vil utviklast trinnvis.
Du kan lese meir om koronasertifikatet her: https://www.helsenorge.no/koronasertifikat/