Oppgradering av basestasjon for mobilnett

Telenor har varsla oppgradering av ein basestasjon i vårt område, som kan påverke både kapasitet og dekning i perioden arbeidet pågår. Oppgradering vil innebere at fleire får tilgang til 5G og det vil bli betre kapasitet på 4G.

Arbeidet tek til måndag 15. juli kl 8.00 og er forventa ferdig torsdag 24. juli kl 16.00. Telenor melder at det er størst sannsynlegheit for forstyrringar i dagane rundt 18. juli.

Under kan de sjå eit kartutsnitt for området som kan oppleve periodevis dårlegare kvalitet eller manglande dekning i samband med arbeidet.

 

Kart som viser området som kan bli påverka når Telenor skal oppgradere ein basestasjon for mobilnettet - Klikk for stort bildeOmråde som kan bli påverka ved oppgradering av basestasjon Telenor

 

Kundar som har tenestene trådlaust breiband og abonnement på mobil, der Telenor forventar at dei vil miste dekning, blir varsla direkte.

Arbeidet har referansenummer: 20978. For meir informasjon om dekning og utbygging frå Telenor, sjå https://www.telenor.no/dekning/