Ope møte om etterbruken av Lalm skule

Om lag 20 lalmingar deltok på det opne møtet om etterbruken av Lalm skule tysdag 31. oktober. 

 

Arbeidsgruppa orienterte om status i arbeidet så langt, m.a. om dialogen med Sel kommune om eit mogleg felles avlastingstilbod for barnefamiliar, lokalisert i skulebygget.

Frå kommuneadministrasjonen vart det understreka at barnehagen på Lalm både skal takast vare på og ha gode moglegheiter for utvikling, og at all aktivitet som blir planlagt i skuledelen må ta omsyn til barnehagen sine behov.

I møtet presenterte Sigrid Blekastad og Heidi Løkken Karsten sine ynskje om å etablere ein møteplass og verkstad for kunst og handverk av ulike slag.  Sigrid er kjent for sine glasmåleri, Heidi som kurshaldar og tilverkar av bunader. 

Alle innspel som har kome om etterbruken vil bli vurderte når kommunedirektøren legg fram sak til politisk behandling.