Ope informasjonsmøte og open kontordag - flaumsikringsprosjektet
I samband med flaumsikringsprosjektet og områdeplanprosessen, inviterer Vågå kommune og NVE til opne møtepunkt der du som innbyggjar kan få oppdatert status på arbeidet så langt, og få svar på spørsmål du måtte ha.
Tidspunkta er:
Ope informasjonsmøte
Måndag 4. desember kl 18.00 - 20.00 på Vågå kulturhus
Open kontordag:
Tysdag 5. desember kl 13.00 - 15.30 og 17.00 - 19.00 på kommunehuset. Innafor desse tidsromma kan du få ein individuell prat med Vågå kommune og NVE om forhold som gjeld flaumsikringsprosjektet eller reguleringsplanprosessen
Frå flaumen 2011
Vågå kommune
Publisert av ACOS System
Sist endret 21.11.2024 11.42