Omstillingsprosess i Vågå kommune

I sitt møte den 23. mai 2024 behandla Vågå kommunestyre saka kring omstilling, som har vore arbeidd med i organisasjonen sidan nyttår.

Dei 75 punkta som vart lagt fram av kommunedirektøren vil no bli med vidare i arbeidet for å kome inn i dei økonomiske rammevilkåra som er gjeldande. Ein del av tiltaka, som har liten konsekvens for tilsette og innbyggjarane, vil bli effektuert etter kvart som det er praktisk.

Kommunedirektøren har i saka peika på at det framleis står att både utprøving og meir analyser av ein del av tiltaka. Dette arbeidet held fram utover sommaren, slik at ein kan gjere naudsynte justeringar før endeleg budsjettbehandling i haust.

I debatten og dei framlagte dokumenta frå dei ulike politiske partia, vart det peikt på fleire område kor kommunedirektøren vart bede om å sjå på moglegheit for justeringar. Dette blir med i arbeidet vidare framover og ein vil leite etter moglegheiter i nye og signaliserte tiltak som kan påverke dei ulike tiltaka.

For innbyggjarane vil ein kunne merke endringar i tenestene, og i tråd med omstillingsarbeidet i helse og meistringstenestene i kommunen vil ein kunne merke det i form av lengre ventetid på timeavtaler og besøk. Ein kan oppleve anna servicenivå enn tidlegare og at helsetenester blir gitt på andre måtar enn i dag. 

Dei tilsette vil framleis ha søkjeljos på å produsere gode tenester til våre innbyggjarar. Vi ber om tålemod og forståing for at tenestene er i endring.

Kontakt

Odd Erik Sveen
Kommunedirektør
Mobil 480 28 389