Odd Erik Sveen blir ny kommunedirektør i Vågå

Odd Erik Sveen vart i kommunestyremøte i går, torsdag 30. mars, tilsett som ny kommunedirektør i Vågå og vi gratulerer så mykje med utnemninga. Han går frå stilling som kommunalsjef for helse og meistring og har såleis god kjennskap til Vågå kommune som organisasjon, samt at han kjenner lokalsamfunnet svært godt. Han vil overta 'stafettpinnen' etter Jan Egil Fossmo, når han fråtrer til sommaren.