Nytt tilbod innan helseberedskap

I dag, 7. februar, går startskotet for eit felles prosjekt mellom regional legevakt i Nord-Gudbrandsdalen og Sjukehuset innlandet ved prehospitale tenester.

Prosjektet går ut på at det i norddalen skal vere ein ambulerande, bemanna legevaktbil med paramedic. Denne skal vere i dialog med legevakt, med mål om å få ned talet på innleggelser på sjukehus og behov for legevaktbesøk.

Pasienten kan, under besøket av paramedic, kommunisere direkte med legevakt slik at rett tiltak/behandling blir gitt. Tilbodet vil bli nytta i tilfelle der det ikkje er openbart behov for ambulanse. 

Målet er at prosjektet skal bidra til økt beredskap i heile regionen, og sikre kunnskaps- og kompetansedeling på tvers av tenester og famområde. I fyrste omgang blir prosjektet prøvd ut i 3 mnd før det blir evaluert.

Tider for vaktordning:

  • Torsdag - Fredag, kl 16.00 - 22.00
  • Laurdag - Søndag, kl 12.00 - 20.00

Særskilt for påska 2019:

  • Måndag - onsdag, kl 16.00 - 22.00
  • Skjærtorsdag - 2. påskedag, kl 12.00 - 20.00

Kontakt

Liv Olasveen
Tenesteleiar helsesenter
Mobil 476 27 394