NGI på befaring langs Nugga 1. og 2. juli

I samband med flaumsikringsprosjektet og kartlegging av område for flaumskrednett, vil det vere to personar frå NGI som vil gjennomføre ei befaring langs Nugga 1. og 2. juli.

Dei kjem til å ta ein del bilete av området, men dei har i liten grad interesse av bustader og hus, då det er terreng og grunnforhold som vil bli nærare kartlagt desse dagane.

Sjå kart for markering av befaringsområde (PDF, 2 MB)