Nedsett konsesjonsgrense i VågåKommunestyret i Vågå fatta den 15.12. i sak 66/2022 vedtak om eit ønskje om utviding av forskrift om nedsett konsesjonsgrense i Vågå. Vedtaket medfører at gjeldande forskrift (sjå punktet under) blir utvida til også å gjelde nær slekt. Konsesjonsfridomen etter konsesjonslova § 4 første ledd nr. 4 vert sett ut av kraft for Vågå kommune for bebygd eigedom som er eller har vore i bruk som heilårsbustad Det vil i praksis seie at du må søkje konsesjon om du skal overta eigedom som er/har vore nytta som bustad, viss du ikkje har planar om å nytte eigedommen til bustadføremål. Det vil seie at buplikt ikkje er personleg. Det er eit ønskje om å skjerpe forskrifta fordi det er fleire bustader og mindre landbrukseigedomar som i dag ikkje har busetnad og i praksis blir nytta som ein fritidsbustad. Gjeldande forskrift medfører at fleire bustader og mindre landbrukseigedomar ikkje blir omfatta av gjeldande forskrift. For Vågå kommune er det viktig med permanent busetnad i heile bygda. Det er av ulike grunnar krevjande å etablere nye bustader både i sentrum og på bygda. Naturfare og jordvern er to ulike årsaker som gjer det vanskeleg å etablere nye buplassar i Vågå. Saksprotokoll Søknad om endring av forskrift om nedsett konsesjonsgrense (PDF, 339 kB) Høyringsfristen er sett til 15. mars 2023, og innspel kan sendast til postmottak@vaga.kommune.no eller pr post til Vågå kommune, Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå Publisert av ACOS System Sist endret 16.01.2023 09.43