NB! Varsel om store nedbørsmengder og fare for flaum og jordskred

Det er sendt ut farevarsel på oransje nivå for flaum og jordskred i våre område.

Det er venta svært store nedbørsmengder frå i morgon tidleg (måndag 9. september) og vi ber befolkninga om å sjekke stikkrenner og vassveger ein veit kan vere utsett ved stor vassføring.

Vi ber og om at det blir gjort ein innsats for å rydde bort gjenstandar frå vassdrag kor ein veit at det er utsett ved stor flaum.

Nedbørsmengda som er varsla er så stor at ein må førebu seg på evakuering. Vi ber difor personar som er busette på plassar kor ein kjenner til at det kan oppstå fare ved mykje nedbør, om å vere ekstra førebudd. Ein bør tenkje over om ein har alternative plassar å opphalde seg, om det skulle bli behov for evakuering.

Ved spørsmål om vatn og avlaup, kontakt VA-vakt på tlf 41 69 49 15.

I opningstida mellom kl 7.30 - 15.00 kan du kontakte kommunen sitt servicetorg på tlf 61 29 36 00 om du har andre spørsmål.

Om telefon og nett skulle falle ut, så vil det vere naudnettradioar plassert på Randsverk kafe, Lalm samfunnshus og Vågåheimen.

Vi ber om at de følger med på heimesidene våre for vidare oppdateringar.