Merkesesong for flyfoto er i gang
Kartverket skal gjennomføre flyfotografering i sommar og dei næraste månadane kan du treffe på landmålarar som maler kvite firkantar på bakken. Dette er fastmerker som er nødvendige for å gjennomføre flyfotograferinga.
Matrikkelloven gjev rett til å plassere signaler på privat og offentleg grunn. Det er svært viktig at fastmerkene får vere i fred. Dei må ikkje dekkast til, flyttast på eller øydeleggjast.

Vi vil alle nytte godt av å ha oppdaterte kart når landmålarane er ferdige og flyfotograferinga er gjennomført. Les meir om dette arbeidet på kartverket sin nettside. Det skal plasserast fastmerkar innanfor område som er vist med rosa i kartet nedanfor.

Publisert av Laila Iren Nersveen
Sist endret 10.04.2025 12.44