Melding om vedtak. Endring av reguleringsplan for Lemonsjøen Hyttefelt og Lemonsjøen Fjellpark II - Delfelt E

Vågå formannskap har i møte 2. april, sak 22/19, gjort følgjande vedtak:  

«Med heimel i plan- og bygningsloven § 12-14  godkjenner Vågå kommune vedlagt forslag til mindre endring av reguleringsplan for Lemonsjøen Hyttefelt og Lemonsjøen Fjellpark II - Delfelt E. 
Planen erstattar gjeldande plan for samanfallande område.»

Godkjent reguleringsendring for delfelt E i Lemonsjøen Fjellpark II er tilgjengeleg i kommunen si digitale planinnsynsløysing
Zoom inn på aktuelt område i kartet og klikk på arealplanar øvst i venstremenyen.

Plandokument:

Vedtaket kan klagast på i medhald av reglane i forvaltningslova og plan- og bygningslova. Klagefristen er 3 veker rekna frå den dagen då brevet kom fram til påført adressat, ev. kunngjering. Det er tilstrekkeleg at klaga er postlagt innan fristen.
Klaga skal sendast skriftleg til den som har fatta vedtaket (Vågå kommune). Det skal opplysast om vedtaket det blir klaga over, den eller dei endringar som ein ønskjer og grunnen for klaga. Dersom du klagar så seint at det kan vere uklart for oss om du har klaga i rett tid, må du gje opp når denne meldinga kjem fram.