Lina med band kjem til Vågå

Snart kan du oppleve unge og lovande Lina på heimebane!

Bandet «Lina» med Lina Haug Randen i spissen, kjem endeleg til Vågå med splitter nye låtar på heimdialekta vagver.

Dei lovande musikarane har funne ein musikalsk stil med ein kombo av pop og folkrock, krydra med element frå fleire sjangrar. Lina står for låtskrivinga, og bandet har alt eit stort repertoar av songer. Lina storgler seg til å synge dei for heimbygda si, og lovar ei uforgløymeleg oppleving. Så gjer deg klar for ein kveld fylt med musikk, glede og gode minner, der vi saman kan heie fram ein av våre eigne. 

BILLETTAR

Sal av kringle og kaffi. 

UngINN-pris på 180 kronar til ungdom mellom 13 og 21 år med UngINN-kort. Kortet er gratis og bestillast her.

Følg Lina på:

Spotify

Instagram

Facebook