Vi har tidlegare gått ut med ønskje om innspel på ledige husvære, slik at vi kan marknadsføre det overfor tilflyttarar. Dette gjeld framleis. Har du ledig bustad eller leilegheit, så gi oss gjerne eit tips.
På sida vågåleve.no er det plass for å profilere ledige hus og leilegheiter, bustadtomter og hyttetomter.
Byggeklare tomter finn du m.a. på Lalm, Randsverk, Tessand, i Sveaholen, Kvarbergsåsen og Nordherad.
Ledige leilegheiter
Akkurat no er det m.a. 6 ledige leilegheiter på Blessomvollen (PDF, 4 MB)
Som sagt - gi oss innspel på ledige bustader slik at vi kan vere med å by det fram for tilflyttarar
Publisert av Roar Strand
Sist endret 11.03.2024 10.08