Korleis opplevde du handteringa av ekstremværet "Hans" i Vågå

Vågå kommune ønskjer å få dine synspunkt, som innbyggjar i Vågå, på korleis du opplevde ekstremværet "Hans", og korleis du følte at situasjonen vart handtert. Følte du deg trygg, følte du at du vart ivareteke, fekk du nok informasjon; er blant dei spørsmåla vi håper du kan sette av 5-10 minutt og svare på.

Evalueringsskjema

NB! Undersøkinga er heilt anonym og det er ikkje mogleg å knyte avgitte svar til person.

Svara du gir vil vere til god hjelp for oss for å sjå om det er ting vi kan gjere betre ved framtidige hendingar.

Svarfrist er sett til 2. september.