Grunna overgang til ny leverandør blir faktura for kommunale avgifter i 2025 fakturert med 10 terminar. Det blir ikkje sendt ut faktura i januar og februar.
Den første terminen vil difor bli sendt ut i løpet av mars månad, med forfall 20. april 2025. Denne fakturaen vil innehalde gebyr for januar, februar og mars.
Dei resterande 9 terminane i 2025 blir fakturert for ein månad om gongen.