Kokevarsel

Kokevarsel for Vågåmo og Tessand er nå oppheva.

På Lalm må ein framleis koke vatnet.

Det er sett ut ein beredskapshengjar ved reinseanlegget på Lalm, der ein kan hente reint vatn til hushaldningar.

Vi oppmodar alle med vassbrunn langs elva om å sjekke vatnet sitt, eller fortsetja med koking.

OBS! Hugs at de ikkje må opphalde dykk i nærleiken av vassdraga, da det er stor fare for at elvekanten kan svikte og gje etter (erosjonsfare).

 

Store menger glasopor i elva

Situasjonen rundt glasoporen frå Skjåk er slik:

Ein del av den lagra glasoporen ved fabrikken i Skjåk vart tatt av flomvatnet. 

Glasopor er lettare enn vatn og flyt dermed lett.

Mykje av glasoporen ligg att på land, frå Skjåk og nedover langs elva. 



Arbeidet vart starta så snart det vart kjent og etter at alt arbeid med å sikre liv, helse og viktig infrastruktur var teke hand om.

Arbeidet er rekvirert av Skjåk kommune, og blir gjennomført av Kystverket og IUA (Interkommunalt Utvalg for Akutt forurensning), og overvaka av Fylkesmannen. 

Vågå kommune har dermed inga formell rolle i arbeidet, men bistår med personell.

Oppsamling av glasopor starta måndag og pågår framleis.


Glasoporen blir inntil vidare deponert på miljøstasjonen i Vågå.