Kartlegging og verdsetting av friluftsområde - høyring

Vågå kommune har utarbeidd eit utkast til kartlegging og verdsetting av friluftsområde i kommunen. Kommunestyret har i møtet 17. juni 2021, sak 41/2021 vedteke at utkast til "kartlegging og verdsetting av friluftsområde" i Vågå kommune blir lagt ut på høyring slik at alle kan kome med innspel til forslaget.

 

Formålet med kartlegginga og verdsettinga er å få oversikt over friluftsområde i kommunen og deira verdi. Ved høyring ber vi om innspel på:

  • Er det einskilde område som bør få eigen kartlegging?
  • Er det avgrensingar av område som bør endrast?
  • Er informasjon som ligg på område riktig og dekkande?
  • Har område riktig verdsetting?
  • Er det andre forslag til namn på område?
  • Andre innspel og kommentarar?

Høyringsfrist er 25. september 2021.

Kartlegginga består av kart og tabell, der tabell har ID nummer som du også finn i kartet. Dokumenta er tilgjengeleg på: https://geoinnsyn3.nois.no/FriluftsomraderVaga/home/1. Her kan du legge inn innspel direkte i kartet. Du kan også sende innspel til postmottak@vaga.kommune.no eller til Vågå kommune, Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå