Julekvelden og romjula
Julekvelden 2018 blir det
- Messe kl 11.00
- Nissebesøk og kaffeservering
- Middag kl 14.00
Heimebuande ektefelle til Vågåheimen sine pasientar er hjarteleg velkomne til å eta julemiddag saman med oss her på Vågåheimen.
Vi vil òg invitere dei som bur i trygdebustad ved Vågåheimen.
Elles blir det som vanleg triveleg underhaldning og aktivitet på Vågåheimen både før jul og i romjula, - sjå oppslag. Triveleg om det kjem mykje besøk desse dagane!
Bukkeball
Bukkeball på Vågåheimen er ein tradisjon, og i år blir det tysdag 8. januar kl 18.00. Vi håpar mange kjem, og at mange kler seg ut! Dette er ein festkveld bebuarane og vi tilsette gler oss til, og som vi pratar om langt utover nyåret! Vågå Trekkspelklubb stiller med spelemenn.
Til slutt vil vi ved Vågåheimen nytte høvet til å takke for samarbeid i år og ønskje alle ei triveleg førjulstid, GOD JUL OG GODT NYTT ÅR!
Er det noko du lurer på eller ønskjer å prate med oss om, kan du ringe Vågåheimen i kontortida mellom 08.00-14.00.