Jordskiftedommar på plass

Senioringeniør Ole Kristian Haug vart i Statsråd 10.3.23 utnemnd til Jordskiftedommar i Vestre Innlandet Jordskifterett ved jordskifteretten i Vågåmo.

Vågå kommune har tilbode kontorplass inntil Domstoladministrasjonen (DA) får forhandla kontrakt på lokalar for ei samlokalisering av Tingrett og Jordskifterett. Vågåmo er i den høgst prioriterte gruppa av rettsstadar som skal få nye lokale, men arbeidet med dette er sett på vent grunna budsjettsituasjonen for DA.

Vågå kommune håper at arbeidet med kontorlokalar kan kome i gang etter revidert statsbudsjett. 

Ole Kristian Haug vil tiltre frå det tidspunkt DA bestemmer. Etter det Vågå kommune erfarer, kan dette vere i løpet av hausten 2023.