Invitasjon til landbrukskafe - tema straumgjerde

Fjellandbruk er framtid inviterer til landbrukskafé med tema gjerding med strøm, tysdag 12.9 kl 12.00, på Felleskjøpet Otta. Jan Ove Helland frå Delaval vil informere om gjerding med strøm av inn- og utmark. Servering, alle velkomne!

Vi reiser etterpå opp på Høgsetra i Aasaaren sameige, og får orientering av Jan I. Formo som har sett opp 3 km strømgjerde.

Gjerding av inn- og utmark er ei stor utfordring, spesielt når det blir færre aktive gardbrukarar til å dele på vedlikehaldet. Strømgjerde er eit alternativ til nasjonalgjerde.  

«Fjellandbruk er framtid» var tidlegare i sommar på tur til Østerdalen og fekk sjå fleire døme på bruk av permanente strømgjerde for inngjerding av større inn- og utmarksbeiteareal. Gardbrukarane vi møtte der var særs nøgde med bruk av strømgjerde som alternativ til nasjonalgjerde

Kontakt

Per-Ivar Weydahl
Landbrukssjef Vågå og Sel
Mobil 920 41 410

Landbrukssjef for felles landbrukskontor for Vågå og Sel. Er også beredskapskoordinator i Vågå kommune.