Informasjon vedk korona - vaksine, sjølvtestar, Paxlovid tablettar

Vi har koronavaksine tilgjengeleg.  Ønskjer du vaksine, ta kontakt med legekontoret på tlf 61 29 37 00.

Vi har også sjølvtester. Henvend  deg på legekontoret så får du utdelt sjølvtest gratis.

Råd til pasientar om koronamedisin

  • ​​Paxlovid får du berre på resept og du må ha stadfesta smitte av koronaviruset
  • Ta kontakt med legen din for ei vurdering om du har høg risiko for alvorleg sjukdom, og mistenkjer at du er smitta av covid-19
  • Paxlovid erstattar ikkje vaksine
  • Paxlovid skal ikkje brukast for å førebygge smitte av koronaviruset

Behandling av korona med tablettar

Om du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona, kan det vere aktuelt at du får behandling med tablettar.

Tablettane, som heiter Paxlovid, reduserer risikoen for å bli alvorleg sjuk.

Det er viktig at behandlinga startar tidleg. Om du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk og får luftveissymptom, bør du teste deg for korona.

 

Kva skal du gjere om du får luftvegssymptom?

Luftvegssymptom er først og framst tett nase, hoste og sår hals. Ofte har du og feber eller vondt i hovudet.

Om du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona og får luftveissymptom, bør du ta ein sjølvtest kvar dag - i inntil fire dagar.

Om sjølvtesten viser at du har korona, bør du kontakte fastlegen din eller legevakt.

Om testen ikkje viser at du har korona, kan du vente med å kontakte fastlegen.

Om symptoma blir verre, bør du kontakte fastlegen din, sjølv om sjølvtesten ikkje viser at du har korona.

Kven vil ha nytte av Paxlovid?

Det er særleg tre grupper som vil ha nytte av behandling med Paxlovid. Dette er og dei gruppene som har høgast risiko for å bli alvorleg sjuke av korona:

  • Dei som har alvorleg immunsvikt, t.d. grunna beinmargskreft, lymfekreft eller får medisinar som slår ut immunforsvaret
  • Dei som er over 65 år, har ein alvorleg sjukdom og ikkje har fått vaksine dei siste seks månadene
  • Alle som er over 80 år

For pasientar med låg risiko for alvorleg sjukdom, har medisinen liten nytte. For desse pasientane har det liten hensikt å ta Paxlovid og dei vil difor ikkje få tilbod om medisinen.

Sjukdommar som gjev høgare risiko for å bli alvorleg sjuk av korona:

  • Aktiv kreftsjukdom eller pågåande eller nyleg behandling mot kreftsjukdom
  • Alvorleg hjerte- eller lungesjukdom
  • Dårleg regulert diabetes
  • Alvorleg overvekt – kroppsmasseindeks høgare enn 35
  • Kronisk nevrologisk sjukdom med betydeleg nedsatt funksjon
  • Alvorleg psykisk sjukdom, spesielt alvorleg schizofreni
  • Alvorleg demens
  • Downs syndrom

Om du er over 50 år og aldri har tatt vaksine, har du og auka risiko.

 

Du finn meir informasjon om symptom, kva du skal gjere om du blir sjuk og behandling av korona, på helsenorge.no

Behandling med tablettar erstattar som sagt ikkje vaksine. Det beste du kan gjere for å ikkje bli alvorleg sjuk av korona, er å ta koronavaksine.