Informasjon om ny renovasjonsordning frå 1. januar 2025

Gjeldande frå 1. januar 2025 vil renovasjonsordninga bli endra ved at det blir opna for meir kjeldesortering og bruk av dunkar i staden for sekk for restavfall.

I hovudtrekk vil det bli som dette:

  • Hausten 2024 blir det ikkje delt ut sekkar for restavfall, då det i staden kjem dunkar til bruk for restavfallet
  • Det kjem ein eigen dunk for sortering av matavfall
  • Plastavfall skal framleis sorterast i sekk som i dag

 

Sjå informasjonsskriv frå NGR om endringane i renovasjonsordninga (PDF, 74 kB)