Informasjon frå kommuneoverlege vedrørande luftvegsinfeksjonen Kikhoste

Kommuneoverlegen ønskjer å informere befolkninga i Vågå kommune om situasjonen rundt den smittsame luftvegsinfeksjonen kikhoste ( Pertussis)).

FHI har lagt ut informasjon på sine heimesider. Om de føljer lenka til FHI sine sider vil de få oppdatert informasjon om kikhoste. 

Generelt så er det altså slek at kikhoste regnast som ein luftvegssjukdom som lett smittar til andre. Den kan gi symptom med hoste som kan vare 6-12 veker. Den er først og fremst farleg for spedborn. Spedborn får første vaksine ved 3 mnd alder.  Gravide får nå tilbod om vaksine i svangerskapsveke 24. Den kan også settast seinare i svangerskapet. Men kroppen trenger litt tid for å produserer antistoff. Desse antistoffa vil passere morkaka og den nyfødde vil få noko beskyttelse. For vaksne er det en svært  plagsam sjukdom, men ikkje farlegare enn mange andre luftvegsinfeksjonar. Om det er over 10 år sidan du er vaksinert mot kikhoste så er anbefalingane at du tek ei oppfriskingsdose. Den kan du ta på Vågå helsesenter. Vaksinen må du betale sjølv og kostar 350 kroner. Den gjevast som ei 4-valent vaksine som inneheld stivkrampe, difteri, pertussis og polio. Gravide får en variant utan polio.

Om den gravide skal reise til områder med polio så får også dei ein variant med polio.

Dette er ei dyr vaksine så vi sitt ikkje inne med store lager. Vi må bestille etter kvart. Dersom svært mange henvendingar kjem samtidig må vi føre folk på liste og samle opp, slik vi i periodar gjorde med corona vaksine.

Vi har per i dag vaksinen på lager, og den kan også hentast ut på apoteket etter å ha skrive resept.

Vaksina er friviljug, men anbefalt.

På vegne av Vågå helsesenter, Gulleik Riksaasen
                                               Kommuneoverlege

Kontakt

Liv Olasveen
Tenesteleiar helsesenter
Mobil 476 27 394