Influensavaksinering 2022

Det blir influensavaksinering for alle over 65 år, samt barn og vaksne under 65 år med underliggande sjukdom.

Vaksineringa skjer i Vågå kulturhus på desse tidspunkta:

  • Fredag 21. oktober, kl 9.00 - 13.00
  • Torsdag 27. oktober, kl 11.30 - 15.00

I år kostar vaksina kr 200,- sjølv om du er i risikogruppa. Vi tek diverre ikkje imot kontantbetaling.

Hugs at du må vente 20 minutt etter at du har fått vaksine.

Hører du ikkje til i risikogruppen, ta kontakt med fastlege for å få skrive ut ein resept.

 

Kven bør vaksinere seg

Personar i følgjande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg:

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • hjerte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsatt immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko