Høyring - ny lokal forskrift om rett til langtidsopphald mv.

I samband med etablering av bustader i tilknyting til Vågåheimen er forskrift for tildeling endra. Det er planlagt innflytting i løpet av februar/mars 2024.

Vågå kommune sender med dette utkast til revidert forskrift om rett til langtsidsopphald og bustad tilrettelagt for heildøgnstenester (PDF, 98 kB) på offentleg høyring.

 

Gjeldande forskrift, FOR-2014-06-13-799, er kunngjort på lovdata.

Gjeldande forskrift inneheld ikkje vurderingsmoment for bustad særskilt tilrettelagt for heildøgnstenester. Kommunedirektøren har med bakgrunn i dette utarbeidd nye vurderingsmoment. Endring frå kunngjort versjon står med grøn skrift.

Personar som får tildelt bustad tilrettelagt for heildøgnstenester blir definert som heimebudande og vil få tildelt helse- og omsorgstenester etter individuell vurdering.

På bakgrunn av innkomne høyringssvar vil det bli vurdert endringar i vedlagte reviderte forskrift. Høyringssvar vil bli samla i eit høyringsdokument som blir vedlagt saksframlegg til behandling i kommunestyret.

Plan for behandling av forskrifta: 

  • Hovudutval for oppvekst, kultur og omsorg 28.11.23 
  • Rådet for eldre og funksjonshemma 30.11.23
  • Forskriftsvedtak- Behandling i Kommunestyret 14.12.23
  • Mål om kunngjering i Norsk Lovtidend innan januar 2024.

 

Høyringssvar sendast postmottak@vaga.kommune.no innan 2.11.23

Kontakt

Synnøve Vistekleiven
Tildelingskontor
Mobil 911 34 358