Høyring - Endring i reglar om bandtvang

Formannskapet i Vågå har i møte 23. januar vedteke å sende forslag til ny tilleggsparagraf i kommunal forskrift om bandtvang ut på høyring. Høyringsfristen er sett til 23. februar.

Bakgrunnen er at det ved ekstraordinære forhold, slik som denne svært snørike vinteren, er naudsynt å verne viltet ekstra.

Heile saksframlegget finn du her (PDF, 153 kB)

Høyringsinnspel kan sendast til postmottak@vaga.kommune.no eller pr post til Vågå kommune, Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå

Kontakt

Per-Ivar Weydahl
Landbrukssjef Vågå og Sel
Mobil 920 41 410

Landbrukssjef for felles landbrukskontor for Vågå og Sel. Er også beredskapskoordinator i Vågå kommune.