Informasjon frå NGR om ny ordning for hentekalender:
Det vil vere fleire måter å finne dine tømmedagar på, men vi anbefaler alle å nytte seg av appen “Min Renovasjon”. Den kan lastast ned frå Play butikk eller App Store, sjå QR-kode lengre ned.
I appen kan du velge å sette på varsling, slik at du får ei påminning t.d. dagen før vi køyrer rute heime forbi nettopp deg. Nyttar du appen, vil du vere heilt sikker på at du alltid får rett informasjon og at du fangar opp eventuelle endringar i rutene.
Vi og ha ein hentekalender med søkjefelt på den nye heimesida til NGR. Her kan du velge å laste den ned og skrive den ut om du skulle ønskje det. Men ver då merksam på at rutene kan bli endra i løpet av året.
Min Renovasjon blir klar før heimesida
Ny heimeside med søkbar hentekalender vil mest truleg diverre ikkje sleppast før over nyttår, men appen “Min Renovasjon” vil vere i drift i løpet av dei siste vekene fram mot jul.
Du kan allereie no laste den ned, men du vil ikkje få opp informasjon om di kommune og adresse før vi har alle data klare i våre system. Vi vil sende ut ei melding på SMS når “Min Renovasjon” er i full drift for regionen vår.
QR-koder for appen Min Renovasjon
NGR
Andre kanalar for informasjon om tømmedagar
Om du ikkje har smarttelefon, kan du bestille SMS-varsling dagen før henting i nettkalenderen når den nye heimesida er på plass.
Har du ikkje høve til å skrive ut kalenderen, men likevel ønskjer deg noko å hengje opp, kan du kontakte oss for å få ei utskrift sendt til deg i posten. Vi kjem sannsynlegvis til å måtte justere rutene våre utover året, så vi sender ikkje ut for meir enn to månader om gongen.