Mange i Ottadalen har behov for handverkstenester etter storflaumen i oktober, og mange er allereie i gong med oppryddinga.
Næringssjefane i Ottadalen ønskjer å minne om at det er mange flinke, lokale bedrifter som kan nyttast i oppryddingsarbeidet. Dette krev gjerne ei bevisst handling frå den som er ramma, sidan mange forsikringsselskap gjerne nyttar bedrifter som ikkje er frå regionen.