Gratis skibuss i vinterferien
Vi minner om avtala som gjeld mellom Vågå kommune og Lemonsjø Alpinsenter om gratis skibuss måndag-fredag i vinterferieveka (veke 9).

Avtala inkluderer også inntil 5 gratis dagskort, gratis leige av utstyr, to timar med skiinstruksjon og rabatt på årskort. Heile innhaldet i avtala er slik:
Samarbeidsavtale mellom Vågå Kommune og Lemonsjø Alpinsenter/Jotunheimen Aktiv IT As
Denne avtala har som målsetjing å tilby elevane i 1. -7. trinn ved Lalm Skule og Vågåmo Skule, eit alpint tilbod ved Lemonsjøen Alpinsenter. Målet er at tilbodet skal føre til betre fysisk fostring og utvida fritidstilbod for elevane.
Kvar elev får tilbod om:
- Inntil 5 gratis dagskort i skiheisen per sesong, inkludert gratis leige av skiutstyr
- To timar skiinstruksjon for innføring i grunnleggjande skiteknikk
- Gratis transport t/r frå Vågåmo til Lemonsjøen Skiheis, måndag-fredag i veke 9
- 10 % rabatt på sesongkort
Busstilbodet i vinterferieveka
- Busstilbodet gjeld i vinterferien, veke 9, måndag til fredag
- Bussen går fra Lalm samvirkelag kl. 9.30 kvar dag og er i Vågå ca. kl. 10.00 - Hugs å være presis!!
- Oppmøteplass i Vågå er rutebilkontoret ved sidan av hotellet
- Retur frå Lemonsjøen kl.16.00
Publisert av Roar Strand
Sist endret 15.02.2018 10.31