Gjere ein innsats for å rydde opp plast og anna avfall etter flaumen?

Flaumen i oktober har lagt att plast, glasopor og anna som forsøplar strandsona langs Vågåvatnet og Ottavassdraget elles. 

Vågå kommune vil leggje til rette for lag og foreiningar, enkeltpersonar, interesseorganisasjonar  m.fl. som vil gjere ein innsats for å rydde opp.

Dette gjeld også grunneigarar som etter flaumen har plast og anna avfall på eigen grunn. 

Vågå kommune leverer ut gratis plastsekkar til dei som vil bidra til opprydding. Ta kontakt med  servicetorget.

Vågå kommune vil seinast 7. november setje ut til saman tre konteinarar der innsamla avfall kan leverast. 

Konteinar blir plassert på følgjande stader:

  • ved småbåthamna i Vågåmo
  • ved YX i Vågåmo
  • ved Coop på Lalm

Innsamla avfall frå strandsona kan også leverast på miljøstasjonen. Meld frå ved levering om at det dreier seg om avfall innsamla etter flaumen. 

Vi gjer merksam på at bruk av motorkjøretøy utanfor kjøreveg ikkje er tillate utan særskilt løyve, med mindre det skjer i landbruksnæring. Dersom det er behov for motorferdsel i utmark i samband med oppryddingsarbeid, må det takast kontakt med kommunen om dette.

 

Viktig: 

Det er viktig at den enkelte tek ansvar for eigen tryggleik ved opprydding. Erosjon som følgje av flaum kan gje svake elvekantar, og ein må vise varsemd ved ferdsel. Bruk hanskar, eigna fottøy og arbeidstøy under oppryddingsarbeid.

Farleg avfall (t.d. avfall som kan innehalde brennbare væsker, kjemiske stoff) må ikkje leggast i konteinaren, men leverast på miljøstasjonen. Ta ev. kontakt med kommunen ved spørsmål knytt til dette.

 

Vågå kommune er i dialog med Fylkesmannens miljøvernavdeling, Lom og Skjåk kommunar, Glasopor AS m.fl. for vidare oppfølging av situasjonen etter flomhendinga.