Gjendefluga tek seg opp att på Gjende

Undersøkingar gjort av Norsk institutt for naturforskning (NINA) i Gjendeosen i 2021, 2022 og 2023 viser ei positiv utvikling for gjendefluga. Dei siste tre åra har bestanden teke seg opp for kvart år som har gått. 

Gjendefluga gjekk på få år drastisk attende og Vågå kommune hyra i 2021 inn Norsk institutt for naturforskning (NINA) for å undersøke kva dette kunne skuldast. Undersøkingar gjort i Gjendeosen i 2021, 2022 og 2023 viser ei positiv utvikling som gjer at forskarane trur at bestanden vil fortsette å ta seg vidare opp viss tilhøva ligg til rette for det. Det er grunn til å tru at den dokumenterte nedgangen kom på grunn av tørke og  låg vasstand på sommaren i åra 2017, 2018 og 2019. Det førte til at areal i osen vart tørrlagt, noko som resulterte i at larver og pupper døydde før dei rakk å sverme. Rapporten er registrert i NINA sin institusjonelle arkiv Brage og ligg her: https://hdl.handle.net/11250/3085917

 

Vågå kommune ønskjer å takke NINA for at dei har bidrege med å skaffe til vege finansiering slik at undersøkingar av gjendefluga har kunne gått over ei periode på tre år. Vågå kommune er også glad for at NINA ser behov for at det blir gjort oppfølgjande undersøkingar i åra framover. Vi ønskjer også å takke Vågå fjellstyre for deira bidrag inn i arbeidet som har vore gjort.

Kontakt

Laila Nersveen
Plan- og miljøvernrådgjevar
Mobil 480 69 256