Generelt bålforbod gjeld frå i morgon

Frå i morgon, tysdag 15. april og i perioden fram til 15. september, er det generelt bålforbod i Norge. Då er det normalt ikkje tillate å tenne bål, eingongsgrill, bålpanne eller anna open ild i skog og utmark.

Det er likevel lov å gjere opp ild/tenne bål der det openbart ikkje kan byrje å brenne, t.d. om det ligg snø på bakken eller om det er på steingrunn langt frå vegetasjon. 

NB! Hugs at gnister kan flyge langt og at det kan vere tørt der gnista landar. 

Hugs også at det å gjere opp eld er ditt personlege ansvar, og det inneber både at det skal vere trygt å brenne og det skal vere skikkeleg sløkt før du forlet staden.

Primus og kokeapparat kan du bruke i perioden med bålforbod, men kravet til aktsomhet gjeld uansett type ild, også utanom perioden med bålforbod.

Sjå også Vågå si lokale forskrift for meir informasjon