Frivilligsentralen treng DigiVertar

Frivilligsentralen treng frivillige som vil hjelpe andre med digitale problem i kvardagen.  

Frivilligsentralen skal starte opp eit prosjekt med mål om å auke den digitale kompetansa i aldersgruppa 65+. I den forbindelse treng vi frivillige som vil vere DigiVertar. Ein DigiVert skal kunne hjelpe andre med kvardagslege problem og utfordringar knytt til bruk av teknologi.  

Vi ynskjer at DigiVertane har grunnleggande datakunnskapar. Det vil bli gjedd opplæring og kurs i forkant av oppstart. DigiVertane vil og få ein kontaktperson dei kan snakke med gjennom heile prosjektet. Arbeidstid vil vere på dagtid, 1-2 gongar i månaden. 

Har du spørsmål eller ynskjer å delta kan du ta kontakt med prosjektkoordinator:  

Tlf: 41345221 

e-post: lene.bekkemellem@vaga.kommune.no