Flaumen i Skjåk den 14. oktober førte til at store mengder tre, gjenstandar og glasopor fra Skjåk-bedriften Glasopor AS hamna ut i Ottaelva og vidare nedover til Vågåvatnet.
I den fyrste fasa mobiliserte IUA i Oppland (interkommunalt utvalg mot akutt forurensning) med lenser og gravemaskiner for å samle opp glasopor i Vågåvatnet og Eidefossen, for å hindre vidare spreiing nedover Ottaelva.
Framleis er store mengder glasopor og søppel att i strandsona, landbruksareal og naturområde fra Bismo og ned til Vågåvatnet. Det er viktig å rydde opp mest mogleg glasopor og søppel før vinteren og neste års vårflaum.
Ordførarane i Skjåk, Lom og Vågå kommunar vil no umiddelbart saman med Fylkesmannen forsterke det påbegynte ryddearbeidet, og vil vurdere å ta i bruk verkemiddel i forureiningslova for å starte naudsynte tiltak. (Les:Grunneigar har i fylge forurensingsloven §28 ansvar for å rydde forsøpling på eigen grunn. Det er viktig at dette blir gjort før vårflaumen)
Representanter frå Fylkesmannen og dei tre kommunane har etablert ei prosjektgruppe for å kartleggje og organisere oppryddingsarbeidet. Fylkesmannen har samtidig løpande kontakt med Miljødirektoratet i saken.
Kontaktperson hos Fylkesmannen er Stein Egil Granli
Kontaktperson hos Vågå kommune er Ingunn Moen Helland