Forslag til endring av kommunal forskrift om bruk av motorisert ferdsel i vassdrag og start og landing med luftfartøy

Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning (HTLN) har i møte 11. juni 2024, sak 21/2024 vedteke å legge forslag til endring i kommunal forskrift om motorisert ferdsel i vassdrag og start og landing med luftfartøy av 4.3.1997 ut til høyring og offentleg ettersyn. Forskrifta vart revidert i november 2014 da det vart opna for større motorkraft, frå 6 hk til 10 hk. Endringa no gjeld opning for bruk av båtmotor på nokre innsjøar mindre enn 2 kvadratkilometer.

HTLN gjorde følgjande vedtak i sak 21/2024:

Det blir med heimel i motorferdsellova § 4 3. ledd og § 5 føreslege endring av punkta 3a i kommunal forskrift om motorisert ferdsel i vassdrag og start og landing med luftfartøy vedteken av Vågå kommunestyret 4.3.1997, sak 12/97. Punkt 3a i forskrift vil etter det lyde slik:

3. Motorferdsel i vassdrag:

a. Ferdsel med motorbåt er ikkje lov med større motorkraft enn 10 hk. Det kan også nyttast elektrisk båtmotor med effekt tilsvarande inntil 10 hk motor.

Slik ferdsel er lov på Nedre Heimdalsvatn, Lalmsvatnet, Flatningen, Lemonsjøen, Nedre Sjodalsvatnet, Øvre Sjodalsvatnet, Gjende.

 

På Bessvatnet, Russvatnet, Ingulsjøen, Øvre Leirungen og Nedre Leirungen er det ikkje lov med større motorkraft enn 6 hk.

 

På Gjende, Bessvatnet, Russvatnet og Øvre Leirungen gjeld særlege reglar i forhold til verneforskrifta for Jotunheimen nasjonalpark. Lalmsvatnet er definert frå den nye Lalmsbrua til Holungsøy camping.

 

Ferdsel med elektrisk motor med inngangseffekt med opptil 800 watt er lov på Surtningen, Veslevatn, Slombtjønne og Melingen.

 

Forslag til forskriftsendring blir gjort for å gjere det lettare å utøve fiske med garn, dorging og åttring. Det vil gjere det enklare å utøve næringsfiske og fiske som friluftsaktivitet. Det vil også gi sikrarare manøvrering under vanskelege vindtilhøve. Forskriftsendring er ikkje vurdert til å vere i konflikt med formålet i motorferdsellova eller miljøprinsippa i §§8-12 i naturmangfaldlova med det kunnskapsgrunnlaget som er kjend i dag. Det er viktig at endringsforslag blir sendt på høyring for å fange opp alle interesser og fagkunnskap. Endringsforslag blir sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minimum 6 veker frå kunngjeringsdato.

 

Ønskje om å opne for motorisert ferdsel på Øvre Leirungen vart tatt inn etter politisk behandling i hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning i møte 11.06.2024, sak 21/2024. Øvre Leirungen ligg innanfor Jotunheimen nasjonalpark og opning for bruk av motorbåt på Øvre Leirungen krev endring av verneforskrifta. Det er klima- og miljødepartementet som kan vedta endring av verneforskrifta. Ettersom det har starta ein prosess med forslag til utvida vern av Jotunheimen ved Hindflye og Leirungsdalen må det gjennomførast ei forskriftsendring dersom desse område blir med innanfor verneområde. Det kan i samband med denne forskriftsendringa vurderast om det skal opnast for båtmotor på Øvre Leirungen. Når dette er avklart gjennom verneprosessen kan kommunen eventuelt endra lokal forskrift som opne for bruk av båtmotor på Øvre Leirungen, men inntil dette er gjort kan det ikkje opnast for bruk av båtmotor på Øvre Leirungen i lokal forskrift. Dei andre vatn som det er foreslått å opne for motorisert ferdsel på ligg utanfor verneområde.

 

Etter avslutta høyring vil innkomne høyringsuttaler blir vurdert og forslag til endra forskrift vil bli lagt fram for Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning og deretter kommunestyret for sluttbehandling.

Saksframlegg frå møte i HTLN (PDF, 138 kB)

 

Endringsforslaget ligg også i servicetorget på kommunehuset.

Uttale skal sendast til Vågå kommune, Edvard Stormsveg 2, 2680 Vågå, eller på e-post til postmottak@vaga.kommune.no. Frist for uttale er 30. august 2024

Gjeldande forskrift finn de her