Førpremiere "Tre nøtter til Askepott" søndag 7.november kl. 18.00 ute på tunet i Ullinsvin

 

Det blir visning og førpremiere av filmen "Tre nøtter til Askepott" på kinolerret ute i tunet i Ullinsvin søndag 7.november kl. 18.00. Mykje av filmen er spelt inn i området i Sjodalen i Vågå og er ein familiefilm med aldersgrense 6 år.  Det blir servert gløgg i tunet i Ullinsvin denne kvelden og sett ut stolar. Ta på varme klede og ta gjerne med deg eit pledd. Vil du ta med ein eigen godstol, gjer du dette. Billettsal helst på nett på førehand, men også ved inngangen nedanfor Ullinsvin.       

Velkomen til ein triveleg og god filmkveld!