Folkehelseundersøkinga 2023

Denne våren gjenomfører Innlandet fylkeskommune ei folkehelseundersøking i samarbeid med Folkehelseinstituttet. Undersøkinga startar 10. mai og vil vere tilgjengeleg i tre veker for dei som blir plukka ut til å delta.

Kven kan delta?

Deltakarane blir trekt ut tilfeldig frå Folkeregisteret. Alle personar som er 18 år eller eldre og har bustadsadresse i Innlandet kan bli plukka ut til å delta.

Om du blir plukka ut, vil du få ein SMS eller e-post med invitasjon til å svare. Om du ikkje har registrert telefonnummer eller e-post hos Digitaliseringsdirektoratet, får du undersøkinga i posten.

Lenka du klikker på for å svare på undersøkinga, er unik for deg. Dermed treng du ikkje å logge deg på med korkje BankID eller andre løysingar.

Informasjonsside om folkehelseundersøkinga 2023

Det blir trekt ut 10 tilfeldige av dei som svarer på undersøkinga, som kvar får eit gåvekort på kr 2.500,-. Vinnarane blir kontakta av Innlandet fylkeskommune.

Undersøkinga er anonym.