Flaumutfordringane i Vågåmo sentrum

'Vi kan ikkje akseptere at utviklinga av kommunesenteret blir sett på vent', skriv ordføraren i eit brev til Fylkesmannen i Innlandet og inviterer til eit møte for å drøfte tiltak for Vågåmo sentrum.

Vågå kommune har hatt møte med NVE vedk skredkartlegginga som omfattar heile sentrumssona, og ønskjer no å møte Fylkesmannen for å diskutere kva kommunen kan gjere for ikkje å sinke planar om utvikling, medan ein utgreier og byggjer dei tekniske installasjonane som NVE vil foreslå.

Vågå kommune vil sende søknad til NVE om 'bistand til tiltak og gjennomføring'.

NVE-rapport 7/18 - Skredfarekartlegging i Lom, Skjåk og Vågå kommuner