Flaumsikringsprosjektet - opne kontordagar og folkemøte

Neste open kontordag i samband med flaumsikringsprosjektet blir onsdag 25. oktober, på kommunehuset, med moglegheit for “drop-in” for den som ønskjer, i tidsromma 13.00 - 15.00 og 17.00 - 19.00. Dette er eit tilbod om individuelle samtaler for dei som ønskjer det.

Neste folkemøte blir måndag 4. desember, kl 18.00 - 20.00, på Vågå kulturhus. Dette blir følgt opp med ein ny, open kontordag tysdag 5. desember, også då med “drop-in” for dei som ønskjer ei individuell samtale med NVE/Vågå kommune. Klokkeslett for 5. desember blir det lagt ut informasjon om nærare datoen.