Fagdag om drenering - Formo gard

Onsdag 23. oktober, kl 11.00, arrangerer landbrukskontoret for Vågå og Sel fagdag om drenering.

Fagdagen blir lagt til Selsvollene då det har vore store utfordringar på relativt store areal her, iallefall dei siste to åra. Mykje av problematikken rundt drenering på Selsvollene vil vere relevant også for andre område i Sel og Vågå.

Eivind Bergseth og Ole Jakob ULberg frå Norsk Landbruksrådgiving tek oss gjennom nokre timar med fagprat og diskusjonar kring drenering og problematikken knytt til vassjuk jord.

For Selsvollene sin del vil dette vere fyrste steg på å få til meir omfattande grøfte- og kanaliseringsarbeid, slik at jorda blir meir føreseieleg med tanke på jordarbeiding og haustearbeid.

Tema:

  • Sjå på drenering som fungerar
  • Sjå på fellestiltakt som kan gjerast
  • Sjå på problemområde og kva som eventuelt kan gjerast der

 

Det blir enkel servering med kaffe og biteti.

Alle er velkomne, og det er eit gratis arrangement.