Ein ny vagver, men ikkje hels på han

Frå midten av juni vil Thomas Rannstad Haugen, som er kommunalsjef i Vågå kommune, byrje å ha med seg sin førarhund på jobb og elles i lokalmiljøet. Hugs at du aldri må forstyrre ein førarhund som har sele på og som er i arbeid.

Ein førarhund er ikkje daglegdags å sjå i Vågå, og for å forstå litt meir om korleis ein førarhund arbeider, kan du sjå på desse to filmane:

 

 

 

Om du i tillegg følgjer desse råda frå ein førarhund, så går det meste bra:

  1. Når selen er på, så er eg på arbeid. Ikkje klapp meg, snakk til meg eller ta augekontakt med meg då
  2. Hald din hund på avstand, så vi ikkje møtast for tett
  3. Gje deg gjerne til kjenne og fortel Thomas at du og har med deg hund
  4. Om eg er utan sele, så spør Thomas om det er greitt før du slepper din hund bort til meg
  5. Ikkje gi meg godbitar - det er det berre Thomas som får lov til
  6. Om du vil varsle oss om ei fare du ser, så sei frå til Thomas
  7. Om eg er utan sele, så kan du spørje Thomas om du får lov til å klappe meg

 

Gjer det til hovudregel å ignorere hunden og prat med Thomas i staden, så vil det meste ordne seg greitt.

I henhald til regelverk så kan førarhundar vere med stort sett over alt, men hund og eigar tek sjølvsagt hensyn.