Eigenberedskapsveka 2024 - veke 44

I eigenberedskapsveka blir det sett fokus på kva du sjølv kan gjere for å vere førebudd om det skulle inntreffe ekstremvær, pandemier, ulykker, sabotasje eller i verste fall krigshandlingar. På heimesida sikkerhverdag.no ligg det mykje god informasjon og tips til kva du bør tenkje på for å kunne klare deg sjølv ei veke.

Myndigheitene ønskjer å få deg til å tenkje på kva som skjer og kva du treng om straumen er borte ei veke, eller om vatnet forsvinn, eller om du ikkje får handla på butikken.

God eigenberedskap er ei investering i tryggleik for deg og dine næraste. I tillegg bidreg du inn i den nasjonale beredskapen, ved at myndigheitene kan prioritere dei som treng hjelp mest ved behov.

Her finn du m.a. ei sjekkliste for kva det kan vere lurt å ha i heimen