DigiInnlandet - digital heimeoppfølging

Helsedirektoratet har vore vertskap for fellessamlinga som markerte avslutninga av det nasjonale spredningsprosjektet i digital heimeoppfølging. Prosjektet, som omfattar 22 kommunar i Innlandet med Vågå kommune som søkjarkommune, er det største samhandlingsprosjektet i Helsefellesskap Innlandet. Forankringa i helsefellesskapet har vore avgjerande for prosjektets gjennomføring og suksess. For å lesa meire om prosjektet kan du klikke på lenka Digiinnlandet

“Ved å kombinere operativt arbeid frå kommunedirektørar med strategisk innsikt frå helsefaglege leiarar, får vi ei fullstendig tilnærming. Dette er essensielt for å lukkast i regional utvikling” seier Haugen

Thomas Ranstad Haugen, kommunalsjef i Vågå kommune og representant for prosjekteigarkommunen Vågå, deltok i en panelsamtale saman med representantar frå Ullensaker og Hadsel kommunar. Han peikte på at suksess med digital heimeoppfølging avheng av å finne nye måtar å organisere tenestene på, spesielt i regionar med utfordrande demografiske forhald. Panelsamtala belyste også betydninga av forankring i heile organisasjonen, frå brukarar til kommunedirektørar til helsefellesskap. Haugen påpeikte at helseutvikling ikkje berre angår helsetenesta, men heile kommunen. “Ved å kombinere operativt arbeid frå kommunedirektørar med strategisk innsikt frå helsefaglege leiarar, får vi ei fullstendig tilnærming. Dette er essensielt for å lukkast i regional utvikling” seier Haugen.