Detaljreguleringsplan for Lalm vassverk - høyring og offentleg ettersyn

Formannskapet har med heimel i plan- og bygningslova § 12-10 lagt ut planforslag til detaljreguleringsplan for Lalm vassverk med tilhøyrande planmateriale til høyring og offentleg ettersyn. Formålet med planarbeidet er å etablere nye grunnvassbrønnar og nytt vassverk i det same området som eksisterande vassverk er etablert. Planområdet omfatte sikringssoner til drikkevasskjelda og strekk seg difor oppover lisida vest for Lalm vassverk og Sjårdalsvegen.

Planområdet omfattar heile eller delar av eigedomane gnr/bnr/fnr: 4/7, 155/1, 156/1, 156/1/2, 156/1/2, 156/1/3, 156/4, 156/7, 156/28, 156/53, 156/64, 156/65, 156/69 og 198/14 og Brekkevegen 205/1 på Lalm. Delar av Sjårdalsvegen og Øverbygdsvegen manglar matrikkelnummer og delar av Lalmsvatnet er ikkje matrikulert. Planområdet er på 275 daa.

 

Planforslaget består av følgjande dokument:

Plankart (PDF, 982 kB)

Føresegner (PDF, 127 kB)

 

Planskildring med konsekvensutgreiing (DOCX, 10 MB)

ROS - analyse (PDF, 2 MB)

Saksframlegg med vedtak (PDF, 2 MB)

Risiko- og sårbarhetsanalyse for nytt vassverk (PDF, 749 kB)

Simulering av flomnivå i Ottaelv ved Lalm - notat (PDF, 2 MB)

Sikkerhetsklassifisering og tiltak mot skred for nytt Lalm vassverk (PDF, 247 kB)

 

Uttale til planforslaget kan sendast på e-post til postmottak@vaga.kommune.no eller pr. post til Vågå kommune, Edvard Stormsveg 2, 2680 Vågå.

Frist for uttale er 30. august 2024