Bli kjent-treff i Vågå

Kanskje du har budd i Vågå ei stund, eller kanskje du er heilt ny. Ønskjer du å få eit større nettverk i Vågå?

Uansett bakgrunn – vi håpar du har lyst til å bli med på ein triveleg kveld i Vågå den 16. november! Ingen aldersgrense!

Vågå kommune og Young Professionals Lillehammer og Gudbrandsdalen inviterer til "Bli kjent"-treff på Bokhandel'n kafe den 16. november, kl 16.00!

Du kan melde deg på her

Påmeldingfrist: 13. november 2022.

 

Programmet er delt i to delar der du sjølv vel om du vil bli med på alt eller ein av delane. 
Det startar med ei omvising i Vågåkyrkja, og blir avrunda med sosialt og pizzabuffet på Bokhandel'n.

Del 1: Omvising Vågåkyrkja

Kl. 16.00, oppmøte ved hovudinngangen Vågåkyrkja

Det blir ei omvisning ute og inne der Kari Aasgaard fortel historia om dei ulike delane av kyrkja. Hugs å kle deg etter været. Ei flott moglegheit til å lære meir om den flotte kyrkja midt i Vågåmo!

Del 2: ”Bli-kjent"-middag på Bokhandel'n Bakeri & Mathus

Kl. 17.15, oppmøte på Bokhandel'n

Det blir servert pizzabuffet, med eigendel for pizza på kr 100,- (om du ønskjer å ete med oss)

Det blir ein sosial kveld der du kan stille spørsmål om du lurar på noko om livet og aktivitetar i Vågå.

Vi har plass til 40 deltakarar, fyrste mann/kvinne til mølla!

Vel møtt!

 

Kvelden er sponsa av Bokhandel'n Bakeri & Mathus, YP og Vågå kommune.

Spørsmål kan rettast til:
Hege Engell, 99 58 13 23
Livia Sauter, 90 67 04 33

 

Kven er Young Professionals Lillehammer og Gudbrandsdalen?
Nettverket er for både kvinner og menn i alderen 20-40 år! Nettverket er for deg som har ambisjoner på egne vegne, ønsker å løfte frem andre, samt bidra positivt til utvikling av lokalsamfunnet!