Bålforbodet gjeld framleis i Vågå

No, med St.Hans for døra, må vi minne om at forbodet mot open brenning framleis er gjeldande i Vågå. Det har ikkje komme nedbør av noko omfang, slik at skogbrannfaren er like høg som før.

Det som er omfatta av forbodet i Vågå:

  • Alle typar open eld eller bål i eller i nærleiken av skog og anna vegetasjon. Dette inkluderer også bruk av eingongsgrill
  • Alle typar av open brenning av kvist, halm, trevirke og anna virke i landbruket, anna næring eller hos private

Forbudet er gjeldande for heile kommunen og gjeld inntil det blir oppheva.

 

Skytebana var også heilt stengt ei periode, men er no open for organisert skyting.