Vil du bli meddommar?

Vågå kommune skal velje meddommarar til Vestre Innlandet tingrett, Eidsivating lagmannsrett, jordskifteretten og forliksrådet.
Kommunen skal også foreslå skjønnsmedlemmar som skal veljast av fylkeskommunen.

Dette gjeld for perioden 1. januar 2025 til 31. desember 2028.

Meddommarane spiller ei viktig rolle i vårt rettssystem. Det blir ikkje stilt noko krav til den faglege bakgrunnen til ein meddommar, noko som heng saman med prinsippet om at tiltalte skal "dømast av sine likemenn".

For å være meddommar må du bl.a.:

  • være busett i Vågå kommune
  • ha stemmerett og være valbar til kommunestyret
  • være norsk statsborgar
  • være fylt 21 år, men være under 70 år (øvre aldersgrense gjelder ikkje for skjønnsmedlemmer)
  • prate og forstå norsk
  • vera lovlydig

Det blir gjort merksam på at nokon kan vera utelukka frå val på grunn av si stilling eller vandel etter domstolsloven §§ 71 og 72.

Kva vil det si å være meddommar?

Meddommarar er vanlege innbyggjarar, kvinner og menn, som er med på å ta avgjerder i rettssaker. Det er et viktig rettsprinsipp at ein skal dømast av sine likemenn.
Som meddommar kan du regne med å bli kalla inn ein til tre gonger i året. De fleste saker varer ein til tre dagar, men enkelte saker kan vare lenger.

For meir informasjon - sjå www.domstol.no

Søknaden skal innehalde fullt namn, fødselsnummer, adresse, telefonnummer, yrke og stilling.  

Evt. send søknaden til postmottak@vaga.kommune.no eller per post til: Vågå kommune, Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå.

Kontaktperson ved spørsmål om søknaden: Sonja Tangen, e-post: sonja.tangen@vaga.kommune.no  tlf.: 46914570

Frist for å søkje 27. mars 2024.