Gjendegarden ligger idyllisk til ved det flotte vatnet Gjende! Tunet består blant anna av to hytter til utleie. For å komme til Gjendegarden må du ro over vannet frå Gjendeosen, der Vågå kommune har eit båt liggande.
Hyttene er definert som lågstandar hytter, men har innlagt straum. Det er også vorte montert forbrenningsdoar i hyttene.
Den store hytta inneheldt 10 sengeplassar, mens den lille hytta har 6 sengeplassar fordelt på to soverom. Du kan velge å leie den eine eller begge hyttene.
Søknad om leie for sommarferien må være inn innan 01.05 og deretter blir datoane fordelt. Søknad om leie for haustferie, vinterferie og påske må være inn 5 veker før leietidspunkt. Øvrige periodar er det “fyrstemann til mølla” prinsippet som gjeld
Fleire detaljar finst under spørsmål og svar.
Pris per døgn er kr XXX
søknadsskjema
Kalender med utleie gjendegarden
Alle som er tilsett i Vågå kommune eller som er busett i Vågå kommune kan leie Gjendegarden
Du må sende ein søknad til Vågå kommune. For leie i sommarferien må søknaden være sendt innan 01.mai.
For haustferie, vinterferie og påskeferie må søknaden sendast 5 veker før leietidspunktet.
Dei resterande periodane er det løpande søknad med “fyrstemann til mølla” prinsippet
Om det er fleire søknader på same tidspunkt gjeld følgjande:
“den som har leigd hytta færrast døgn siste året har fyrsteprioritet. Om fleire står likt, skal tildelinga avgjerast ved loddtrekning”
Hytte er utstyrt med kokekar og dekketøy i tillegg til dyner og puter. Du må ta med utstyr som handkle og sengetøy. I tillegg må du hugse redningsvestar til bruk i båten.
Nøkkelen hentar du på servicetorget i Vågå kommune.
Leigetida startar og sluttar måndag kl 16:00. Leigetida for helg avsluttast måndag kl 16:00.
Ved avreise frå hytta skal hytta vaskast og søppel skal tas med. I tillegg skal skjema fylles ut og leverast saman med nøkkelen på kommunehuset.