Elevpermisjon

Retningsliner for permisjon frå den obligatoriske undervisninga i grunnskulen i Vågå

Søknadsskjema (PDF, 32 kB)

1. Generelt

Det er § 2-1 i opplæringslova som heimlar retten og plikta til grunnskuleopplæring på m.a følgjande måte:
Barn og unge har plikt og rett til grunnskuleopplæring.
Grunnskuleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år. Retten og plikta til opplæring varar til eleven har fullført det tiande skuleåret.
Dersom ein elev utan å ha rett til det har fråvære frå den pliktige opplæringa, kan foreldra eller andre som har omsorg for eleven, straffast med bøter dersom fråværet kjem av at dei har handla forsettleg eller aktlaust.
 
§ 2-11 i opplæringslova handlar om permisjon frå den pliktige opplæringa, og der heiter det:
Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gje den enkelte leven permisjon i inntil to veker.
Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vera borte frå skulen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.

2. Skuleruta

Skuleruta for kvart skuleår blir vedteke i god tid før oppstart av kvart skuleår. I skuleruta går dei obligatoriske elevdagane fram og når dei ulike feriane og evt. fridagar for elevane er lagt inn. Heimane blir oppmoda om å bruke skuleruta ved planelegging av familien sine ferieopphald og reiser, for at elevane i størst mogleg grad skal kunne gjennomføre dei obligatoriske skuledagane sine.
Det kan likevel gjevast permisjon i skuletida for elevane når dette er grunngjeve i samsvar med pkt. 4. Det er eit ønskje om å unngå permisjonar i høve til eksamen, tentamen og div. nasjonale prøver.

3. Søknad

Det skal sendast skriftleg søknad om permisjon frå den obligatoriske undervisninga til rektor ved eleven sin skule. Det skal nyttast eige søknadsskjema for permisjonar utover 2 dagar som ligg på kommunen sin heimeside, eller som kan hentast ved den enkelte skule/oppvekstsenter.

Søknad skal sendast seinast to veker før permisjon er ønskjeleg.

Rektor kan innvilge søknad inntil to veker med heimel i opplæringslova § 2-11 kommunen sitt delegasjonsreglement.
Ved søknad ut over to veker må heimen søkje om å ta over ansvaret for undervisninga med heimel i opplæringslova § 14-2.

Søknad blir stila til Vågå kommune v. sektorleiar for oppvekst og kultur og senda via skulen sin rektor som kjem med uttale i saka.
 

4. Eleven kan få permisjon

  • Ved lang reise til føresette/foreldre som eleven ikkje bur saman med
  • Ved reiser/utenlandsopphald når fri er naudsynt fordi familien ikkje kan ta ferie i skuleferien

5. Skulearbeidet

Heimen/føresette er ansvarleg for at avtala/pålagt skulearbeid blir gjort under fråværet, og må yte hjelp og støtte til dette. Det må takast kontakt med skulen for i samråd med lærar å få ein plan for kva elevgruppa skal arbeide med i den tida eleven har permisjon.
Eleven kan ikkje pårekne å få gjennomgått stoff som det er gjeve opplæring i under permisjonen.

6. Klage på avslag

Etter forvaltningslova § 28 er det høve til å klage på vedtaket om permisjon. Evt. klage skal fremjast skriftleg til sektorleiar innan 3 veker etter at brev om vedtak er motteke. Endeleg vedtak blir fatta av rådmannen. Av klaga må det gå fram kva saka gjeld, kva det blir klaga over og evt. andre opplysingar som kan ha innverknad på den vidare handsaminga.